Hytteinformasjon 2012

Den årlege informasjonen om renovasjon-og septik-/slamordninga i vest-telemarkkommunane er sendt ut.

Skulle du som hytteeigar ikkje ha motteke denne kan du enten laste den ned  her eller ta kontakt med oss, og vi sender deg eit eksemplar.    

Renovasjonskalenderen for 2012

Posten leverte ut renovasjonskalenderen i veke 49.
Ta godt vare på kalenderen, og meld frå dersom du ikkje har fått den. Du kan også laste han ned her.

Helsing Renovest.

Samledunkar

Vi oppfordrar til bruk av samledunkar i samband med omlegging frå sorteringsskåp til dunkar for mat og papir. Dersom fleire abonnentar går saman får dei ein dunk til mat, ein til restavfall og ein til papir, størelsen blir utrekna etter antall abonnentar.

Sortering av avfallet

thumb_Sorteringsrampe_BrbStort sett er dei fleste flinke til å sortere avfallet sitt riktig. Men som elles er det enkelte som kanskje ikkje har fokus på dette – alle kan bli betre ! Prøv vår sorteringsguide.

Vi bed spesielt om at ALLE knyter sekken med plastavfall, då vil vi spare mykje tid med sorteringa.

Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
Tlf.: 35 06 80 00, fax. 35 06 80 09, e-post: post@renovest.no, org.nr.980 018 725