Samledunkar

Vi oppfordrar til bruk av samledunkar i samband med omlegging frå sorteringsskåp til dunkar for mat og papir. Dersom fleire abonnentar går saman får dei ein dunk til mat, ein til restavfall og ein til papir, størelsen blir utrekna etter antall abonnentar.

Sortering av avfallet

thumb_Sorteringsrampe_BrbStort sett er dei fleste flinke til å sortere avfallet sitt riktig. Men som elles er det enkelte som kanskje ikkje har fokus på dette – alle kan bli betre ! Prøv vår sorteringsguide.

Vi bed spesielt om at ALLE knyter sekken med plastavfall, då vil vi spare mykje tid med sorteringa.

Sekker til plastinnsamling og bioposer til mat (hushald)

Som abonnent kan du etter melding (til renovatør, bruk klype på innsida av stor dør i skap) eller kontakte kommuneadministrasjonen få utlevert sekker til plastinnsamling og bioposer til matavfall etter behov.

Du kan også henvende deg til mottaka våre i åpningstida.

Bruk av hyttereturpunkt

thumb_missbruk_returpunktRenovest har svært mange hyttereturpunkt i eigen region. Dei fleste av punkta brukast etter intensjonen, dvs. oppsamling av rest- og papiravfall samt glass frå hytteeigarar. Men dessverre sliter vi med at privatpersonar  og næringsdrivande misbrukar nokre av returpunkta.

Nytt renovasjonsutstyr

I løpet av hausten ’11 vil vi utstyre alle hushald med nye dunker til bruk  for mat- og papiravfall. Dei gamle skapa vil bli samla inn og destruert. Vil du behalde skapet ditt og dei grøne kassene må du fjerne dette når melding om utsetjing av nye dunkar / innsamling gamle skap blir gjeven.

Sjå nærare informasjon i våre web-sider og Vest Telemark Blad.

Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
Tlf.: 35 06 80 00, fax. 35 06 80 09, e-post: post@renovest.no, org.nr.980 018 725