Bruk av hyttereturpunkt

thumb_missbruk_returpunktRenovest har svært mange hyttereturpunkt i eigen region. Dei fleste av punkta brukast etter intensjonen, dvs. oppsamling av rest- og papiravfall samt glass frå hytteeigarar. Men dessverre sliter vi med at privatpersonar  og næringsdrivande misbrukar nokre av returpunkta.

Containerane blir fylt opp med spesielt bygg-/rivningsavfall, og det som verre er. Bildekk, kvite-/brunvarer, tome målingsspann etc. blir ”slengd” ved sida av containeren. Dette må vi som ansvarlege for renovasjonsordninga i regionen bruke mykje krefter og ikkje minst store økonomiske ressurser på for å rydde opp i.

Ser DU slikt misbruk – ring oss !

Returpunkta finn du på kart.

Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
Tlf.: 35 06 80 00, fax. 35 06 80 09, e-post: post@renovest.no, org.nr.980 018 725