ABC-kjeldesortering

Info EE-avfall

Nytting av skåp og materiell
Les meir

Sorteringsordninga til toppen

Desse fraksjonane blir henta:
Restavfall frå restavfallsdunken
Papp/papir/mjølkekartong
Matavfall

Desse fraksjonane må hushaldnings- og hytteabonnentane sjølv bringe til sorteringsstasjon-/returpunkt i kvar kommune:
Ekstra restavfall. OBS!: Gratis inntil 3 hengarlass eller maks 300kg. til sammen.
Glass/metallboksar, metall, plast, EE-avfall slik som radio/TV/Video (Skal fortrinsvis leverast tilbake til forhandlar.
KFK-møblar (Kjøleskåp-frysarar (Skal fortrinsvis leverast
tilbake til forhandlar.

Sorteringsstasjon:
Hovdestadmoen i Vinje, Vistadmoen i Tokke, Skårmoen i Fyresdal, Brunkeberg for Kviteseid og Seljord.
OBS! Begrensa opningstid, sjå renovasjonskalender!

Returpunkt: (døgnåpne). Fleire i kvar kommune.
Glas/metallboksar, papir/papp, Tøy

Miljøstasjonar: (sjå eiga orientering over returpunkt).
Skal berre nyttast av hushaldningsabonnentar.
Spesialavfall som:
Måling, lakk, tynner o.l., sprøytegift, bilbatteri, olje, kjemikalier.

Bruk av skåp/restavfallsdunk.
Plassering av sorteringsskåp og restavfallsstativ
Plassér restavfallstativ og sorteringsskåp inntil køyreruta og maks 10 m frå vegkant. Set dei ved sida av kvarandre på eit fast og flatt underlag.
For den vanlege hushaldningsabonnenten betyr dette:
Kjeldesorteringsskåpet og restavfallsstativet kan stå ut til vegen der renovasjonsbilen køyrer eller abonnenten må bringe avfallet fram til vegen den dagen renovasjonsbilen køyrer.. Renovatøren hentar avfallet etter eigen køyreplan som sendt til alle husstander. Abonnenten må sjølve sortere ut alle gjenvinnbare fraksjonar.

Matrestar til toppen
Matrestar må no sorterast ut og leggjast i biopose i kjøkkenstativ.
NB! Bruk tildela biopose som er av mais og som er nedbrytbar. Ikkje bruk plastposar.
Matavfall er: matrestar, kaffegrut, filter, teposar, bein, planterester og tilsvarande.
Når posen er full knyter du den og legg den ut i matavfallsboksen i sorteringsskåpet.
Matavfall hentast kvar 14. dag utanom i juni, juli og august. Da blir matavfall henta kvar veke.

Drikkekartong til toppen
Drikkekartongar skyllast, brettast flate og leggast oppi ein tom kartong (6-8 stk i kvar).
Desse drikkekartongkubbane leverast saman med papir/papp.
Alle kartongar, også med metallfolie og plastkork kan leverast

Papir/papp til toppen
I kjeldesorteringsskåpet finn du 2 stk. plastbøtter der du kan legge papp/papir. Sjå kap. Bruk av skåp. Større pappmengder må sorterast ut og leverast til sorteringsstasjon.

Glas/metallboksar til toppen
Glasflasker - både farga og klare, syltetøyglas m/lokk, hermetikkboksar og vindusglas utan ramme eller aluminiumslist - dette kan du ha i glasiglo/glascontainer.

Keramikk, porselen, vanlege lyspærer, bilglas, tome målingsspann, speil og glas med ramme eller aluminiumslist skal i restavfallet!

Lysstoffrør, sparepærer, sprayboksar, propanflasker, restar av flytande måling og andre stoffer merket farleg skal bringast til miljøstasjonar!

Minner om at boksen i sorteringsskåpet som er merket glas/metall må abonnentane sjølve bringe til iglo/container!

Spesialavfall til toppen
Alt miljøfarleg avfall slik som måling, lakk, tynner, bilbatteri, løysemiddel, sprøytevæske m.m leverast til miljøstasjon.

Oppbevar alt spesialavfall slik heime at born ikkje kan få tak i det.

Klede til toppen
Klede og skotøy kan leverast til Fretexcontainerar som står utplassera på returpunkta. Legg klede og sko i plastposer/sekkar. Dersom det ikkje er brukleg for Fretex er det restavfall.

Restavfall til toppen
Avfallet som er att når du har sortera ut alle gjenvinnbare fraksjonar og speisialavfall skal leggast i restavfallsdunken.
NB! For kvar kilo du reduserer mengda restavfall så sparer vi volum på avfallsplassen og 52,2 øre i miljøavgift til staten.

Bygge-og rivningsavfall til toppen
Betong, stein, gravemasser o.l. må leverast til private tipplassar. Trevirke, eternittplater o.l. leverast til sorteringsanlegg i Brunkeberg. Mindre mengder kan ein gjera avtale om å levere til eit av dei andre sorteringspunkta.

Hageavfall til toppen
Hageavfall bør folk kompostere heime.

EE-avfall og KFK-møblar og kvitevarer til toppen
Forhandlarar av EE-produktar slik som TV-video-m.m., KFK-møblar som kjøleskåp og frysarar og kvitevarer som komfyrar, er no plikta til å ta attende varer av tilsvarande type som det du kjøper. Ved kassering utan nykjøp kan det leverast til eit av sorteringsanlegga gratis for privatpersonar.

Avfall utover abonnement til toppen
Leverast direkte til betjente mottak. For hushaldings –og hytteabonnentar kan desse levere inntil 300 kg gratis.
VIKTIG: Alle må bringe med seg gratisbongane som fylgjer med renvasjonskalenderen.
Sjå og under sorteringsordning.

Dyrekadaver. til toppen
Må leverast direkte til dyregrav på Liteit i Kviteseid eller Skårmoen i Fyresdal. Ring Renovest for avtale.

Anna avfall til toppen
Avfall som du ikkje finn på denne oversikten.
Ta kontakt med Renovest for nærare informasjon

Hushaldningsplast. til toppen
SLIK GJER DU

JA TAKK:
- Plastflasker og plastkanner utan kork.
- Plastfolie og plastposar.
- Plastbeger og plastboksar.

NEI TAKK:
- Urein plast (matrestar, spesialavfall osv.)
- Plast som ikkje er emballasje ( legoklosser,
hagemøblar, kulepennar etc.)

SLIK GÅR DU FREM:
- Fjern materialer som t.d. papir og metall
( papiretikettar kan du la væra på. )
- Skyl plastemballasjen i kaldt vann og tørk den.

Returordning på elektriske produkter
Renovest IKS har innsamlaravtale med RENAS på næringselektro og EL-retur på andre elektriske produkttil toppen

Elektriske og elektroniske produkt inneheld helse- og miljøskadelige stoff.
Som godkjent innsamlar av elektriske og elektroniske produkt, er vi difor pålagt å ta imot kassera næringselektroprodukt. Vi samarbeider med RENAS – returselskapet for næringselektro – for å oppfylle EE-forskriften og hindre at helse- og miljøskadelige stoff kjem på avvegar.

Rett val for miljøbevisste kundar
Oppfylling av EE-forskrifta bør væra eit sjølvsagt krav ved levering av kassera elektriske og elektroniske produkter. EE-forskrifta pålegg alle som eig elektriske og elektroniske produkter å ha et system for innsamling og levering av kassera produkt til godkjent mottak. Vi oppfyller dette kravet gjennom medlemskapet i RENAS. For oss er det sjølvsagt å ta ansvar for rett handsaming av slike produkt. Framleis stend mange bedrifter utanfor returordningane, utan at dei oppfyller vulkåra i EE-forskrifta. Dirfor har ditt val av leverandør betydning for miljøet vårt.

Miljøansvar for eigne produkter
Gjennom innlevering til oss i RENAS-systemet bidreg du til eit betre miljø i ei landsomfattande returordningen for kasserte elektriske og elektroniske produkter. Den gjer det mogleg for alle, frå privatpersonar til bedrifter, å levere kasserte produkt gratis til mer enn 140 mottak over hele landet. I tillegg tek også forhandlarar imot EE-avfalletavfallet. På denne måten jobbar vi samman for å hindre at miljøgifter som bly, PCB, kadmium, kvikksølv og bromera flammehemmarar kjem på avvegar.

Les meir:
RENAS – returselskapet for næringselektro [ www.renas.no ]
Forskrift om kassera elektriske og elektroniske produkt (EE-forskrifta)
http://www.lovdata.no/for/sf/md/md-19980316-0197.html

BRUK AV SKÅP til toppen
Slik ynskjer me at du skal nytte sorteringsskåpet. Bruk boksane bak den breie døra. 2 boksar til matavfall og 2 boksar til papir/papp. Desse blir tømt av renovatøren. Boksane bak den smale døra kan du nytte til m.a. glas/småmetall eller ta dei inn til mellomlagring i huset. Dette må du sjølv bringe til glasiglo.
Plastinnsamlingsekk blir henta same veke som mat/papp/papir. Hugs å knyte plastsekken, og set den fram ved sorteringsskåpet.

UTLEVERING AV BIOPOSAR OG PLASTINNSAMLINGSEKK
Bioposar og plastinnsamlingsekk blir levera ut etter behov. Desse kan du få ved å henge lapp i klypa på innsida av den store døra i skåpet, så legg renovatøren igjen rullar til deg DEN VEKA HAN HENTAR MATAVFALL/PAPIR/PLAST.
Du kan også få poser på teknisk etat i kommunen din, Vistadmoen, Hovdestadmoen, Skårmoen og på Brunkeberg mottak.

UTLEVERING AV RESTAVFALLSEKK
Alle abonnentar får i løpet av 2008 utlevera restavfallsdunk på hjul.
Etter at abonnenten har motteke dunk er det ikkje lenger høve til å levere restavfallet til renovasjonsbilen i sekk utan at den då er sett opp i restavfallsdunken. Den blå ekstrasekken kan setjast fram som vanleg.

SORTERING SOM VI MÅ BE OM AT DU ER SÆRLEG MERKSAM PÅ!

GLAS /METALL
Glasflasker - både farga og klare, syltetøyglas m/lokk, hermetikkboksar. - dette kan du ha i glascontaineren.
IKKJE VINDAUGS- ELLER BILGLASS, PORSELEN, KERAMIKK OG SPEIL!
Minner om at boksen i sorterings-skåpet som er merket glas/metall må abonnentane sjølve bringe til
iglo/container!

DETTE ER RESTAVFALL
Keramikk, porselen, vanlege lyspærer, tome målingsspann, speil og vindaugsglas med og uten ramme eller aleminiumslist skal i restavfallet!

DETTE ER SPESIALAVFALL
Lysstoffrør, sparepærer, sprayboksar, propanflasker, restar av flytande måling og andre stoffer merka farleg skal bringast til
miljøstasjonar!
Impregnera material og asbest skal leverast til dei betjente avfallsmottaka.

MATAVFALL
Vi må be om at det nyttast bioposar og ikkje plastposar! Bioposar er gratis for privatabonnentane - sjå informasjon på andre sida om kor du kan få tak i desse.

MJØLKEKARTONG
Mjølkekartong skal du skylle, brette, bunte og leggja i papirkorga i skåpet ikkje i plastpose!.
Hugs å merke kartongen - vi er med i returkartonglotteriet!

PLASTINNSAMLINGSEKK
Hushaldningsplast omfattar plastkanner, plastflasker, plastfolie, plastposer, plastbegre, plastbokser og isopor.
NB! Ikkje plast i kombinasjon med andre materialer eller skitten plast

Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
Tlf.: 35 06 80 00, fax. 35 06 80 09, e-post: post@renovest.no, org.nr.980 018 725