Abonnement
VANLEG ABONNEMENT
Eit hustandsabonnement får tildela 1 stk 120 L restavfallsdunk og eit sorteringsskåp + naudsynt mengde bioposar til matavfall + plastinnsamlinssekk.
Hentefrekvens: Restavfall kvar 14-dag. Papir/papp kvar 14-dag. Matavfall kvar 14-dag, men henting kvar veke i månadene juni-juli-august.
MINIABONNEMENT
Utstyr som for vanleg abonnent men berre 13 restavfallssekker/år.
Hentefrekvens. Restavfall kvar 4 veke. Papir/papp kvar 4 veke. Matavfall kvar 14. dag i perioden sept-mai og kvar veke i juni-juli-august.
REDUSERA ABONNEMENT
Eigedomar som må bringe avfall meir enn 500 m i køyreavstand til køyrerute og eigedomar som ligg langs vegar med så dårleg vegstandard at renovasjonsbil ikkje kan køyre. Sjå §20 a.
SAMLEDUNKAR
3 eller fleir abonnentar kan slå seg saman om fellesdunkar eller kommunen kan pålegge ei slik ordning. J.før renovasjonsforskrifta §8.
STØRRE ABONNENTAR
Eigedomar, bedrifter, kontorer som har større avfallsmengder kan få utlevera plastdunkar
på hjul. 3 stk. med dei same fraksjonane som skal hentast hos hushaldningsabonnentane.
Storleiken på kvar dunk må bestemmast utifrå avfallsmengda.
NB! Innsamling fylgjer same køyrerute som for vanleg abonnent.
STORABONNENTAR
Eigedomar, bedrifte og kontorer som har større mengder forbruksavfall og der plastdunkar blir for små må nytte container. Desse abonnentane må kjøpe/leige container sjølve og gjera avtale direkte med renovatør.
Det kan også gjerast kombinasjonsløysingar med dunkar og container.
Sjå også prisar





