Septikordning

Renovest har ansvaret for innsamling, transport og handsaming av septik og slam. Dette er i samsvar med selskapsavtala som er inngått mellom kommunane.
Arbeidet vil bli gjort etter gjeldane foreskrifter.

Oppdraget er sett bort til firma:
Svein Klungtveit AS
4230 SAND
Tlf.: 52 79 29 70 – Faks: 52 79 29 71
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
VAKTTELEFON: 98 23 51 45
Internett: www.klungtveit.com

 

Tømesystem
Tøminga vil bli utført med avvatningsbil i motsetnad til den gamle ordninga med slamsugarbil. Berre i særlege høve vil slamsugarbil bli nytta. Ved bruk av avvatningsbil vil slammet frå tanken bli skilt frå og vatnet vil bli ført attende til tanken. Fordelen med dette systemet er at bakteriefloraen då blir attende i tanken og nedbrytningsprosessen kan halde fram..

Krav til tømerutiner
Reglane for tøming er slik at dei som har godkjent anlegg med 4 m3 3-kamra slamavskillar og spreiegrøft skal tømast 2-dre kvart år. For dei med anlegg som ikkje stettar desse krava skal anlegget tømast kvart år. Renovatøren vil kontrollere dette ved fyrste gongs tøming.
Abonnetar som meiner dei kjem innunder feil tømerutiner bes ta kontakt med kommunen for å få retta opp dette.

Overgangsordning
Ein del abonnentar som har hatt tøming anna kvart år stettar ikkje krava i forskrift og vil få tøming kvart år.

Avgift
Avgiftene blir fastsett av kommunane.
Abonnentar med store eller spesielle tankar
Renovatøren vil ta kontakt med abonnentar med store eller spesielle tankar, eller tankar som treng tømast fleier gonger i året..

Annan informasjon
Ruter for tøming vil bli annonsera ved påsketider. Alle vil bli varsla med lapp før renovatøren kjem. Sjå også informasjon under tømeplan.

Spyling og tøming av andre typer tankar.
Ved spyling av ledningsnett eller tøming av andre typer tankar må abonnenten gjera avtale direkte med Svein Klungtveit as.

Tømerutiner septik

Hushaldning og næringstankar Sjå §25

Hyttetankar
Sjå §25

 

Kommune 2007 2008 2009 2010
Fyresdal g. nr. 40-95 g. nr. 1-39 g. nr. 40-95 g. nr. 1-39
Kviteseid g. nr 1-40 g. nr. 41-105 g. nr. 1-40 g. nr. 41-105
Seljord del av. g.nr. (57-59) + (1-56) del av g.nr. 1 +(53-147) del av. g.nr. (57-59) + (1-56) del av g.nr. 1 +(53-147)
Tokke Ingen tøming g. nr. 1-47 Ingen tøming g. nr. 1-47
Vinje Ingen tøming Ingen tøming g. rn. 1-169 Ingen tøming
Fritidshytter med tank mindre enn 2 m3 Alle kommunane   Alle kommunane  
Fritidshytter med tank. Tøming 4-de kvart år. 2 m3 eller større       Alle kommunane

Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
Tlf.: 35 06 80 00, fax. 35 06 80 09, e-post: post@renovest.no, org.nr.980 018 725